måndag 16. juni 2008

Utilsikta pause og loppisfunn

Nei, eg har ikkje gått meg vill i ugraset - ei heller har eg gløymt bloggen min. Men med helga som var vart det ikkje tid eller krefter til å prøve å få hverken bilder eller ord ut av hovudet og inn i PC'en. Det har vore dugnadsjobbing, marknadsdag, dans, våkenetter - alt i ein herleg blanding. Sandpapiret som låg under augneloka idag tidleg var av den grove typen, men slik skal det vel vere etter ei kjekk og innhaldsrik helg? Jammen godt det er mandag igjen ;)

Loppemarknaden me arrangerte laurdag vart ein bra suksess. Masse fine lopper, alt frå sofagrupper til snapsglas og bunadssko. Entusiastane stod faktisk i kø då me opna dørene, og enkelte hadde mord i blikket! Sjølv hadde eg medan me pakka ut, sett meg ut eit par ting eg kunne tenkje meg. Nokre forsvann før eg fekk sukk for meg, andre fekk eg tak i framfor nasa på andre skrotnissar, og noko var det antakeleg berre eg som ville ha...

Som dette smykke-"treet" som no står på badet mitt. Syns det var passe kult - no ser eg at det antakeleg er ein mini-stumtjenar, men eg kan ikkje tenkja meg kva anna funksjon det kan ha ennå hengja smykker på..


Desse skjønne skålene er Stavangerflint, og sikkert ikkje hverken spesiellt gamle eller verdifulle - men eg syns dei var så fine! Eg hadde sett på dei mange gonger då ei gammal dame kom og tok dei med seg, til min store forskrekkelse. Men plutseleg var dei der igjen, og då var eg ikkje sein om å få dei med meg.

Det var veldig mykje koppesett på årets loppis - mange av dei ville eg ikkje hatt om eg fekk dei i handa. Men dette syns eg òg var veldig fint, og då det ba pent om å få vere med meg heim var det ikkje nei i min munn. 7 koppar og 8 fat hjelper på når me skal ha storselskap i august igjen.

Og så må eg vise ballkjolen til Oda - denne berre MÅTTE ho ha. Eit gammalt underskjørt, så langt at ho må ha det opp under armane og vel så det; den perfekte ballkjole! No har eg vaska det, og tenkte eg skulle sy på eit par stropper oppe i livet, så ser det igrunn ut som ein slags kjole til prinsessa mi :)

2 kommentarer:

oheidia sa...

Du skulle fått kommet hjem til meg og hjulpet til med dekorering for du finner så mye fint og ser detajer som jeg ikke hadde sett uten hjelp.

Nydelig smykke-tre og flotte tallerkner! Hærlig....

:=)

Blå-hvit samlemani sa...

Det Stavanger flint serviset er sikkert fra 30 -40 tallet engang. Mine besteforeldre hadde et slikt...

Jeg har magne barndomsminner fra det serviset, mine foreldre eier det nå...

Du er heldig

Related Posts with Thumbnails