onsdag 4. juni 2008

Småplukk

Det er ikkje småplukk i fysisk forstand, det eg viser bilder av idag - tvert i mot!

Denne gamle "kjipa" (eit typisk dialekt-ord som sikkert aldri vert nedskrive nokon stad, og derfor ser heilt merkeleg ut..) stod i uthuset vårt. Litt hòl og skavankar har den, men den har gjort nytten mang ein gong, til oppsamling av småplukk. Mannen ynskjer seg ei ny, men då må me vel på handverksmesse eller liknande..



Så var det desse skiferplatene, då. Dei låg i det gamle skuret som stod der platningen no står. Har sikkert vore brukt rundt ein ovn eller peis ein stad? Me la dei vekk då me rydda platningen, og inntil igår har dei kvilt seg i lyngen. Dei er utruleg tunge! Eg skulle tøffe meg litt for mannen og lyfte dei på eiga hand.....ikkje spesiellt lurt, nei. Heldigvis ikkje ny strekk i ryggen, berre litt stiv. Og neste gong skal eg berre inrømme at "jau, du er nok sterkare enn meg"..



Her er "fjellet" mitt, som eg har kosta reint for jord og sand. Kanskje kan ei skiferplate ligge oppå her, med litt støtte av boltar i stein? Syns denne vesle knausen utgjer ei fin, naturleg hylle. Ser lett for meg litt blomar og ei lykt her..



Legg merke til at me har grusa kanten utom platningen, slik at me får ein litt reinare overgang. Om du hugsar korleis platningen er plassert i terrenget skjønar du nok at det ikkje vert så mange bøtter pr kveld opp hit - det er tungt!

Og så var det rote-kroken då, der alt kappet ligg no foreløpig. Her ser me òg for oss ei form for oppbygging, eit lite platå eller ein benk. Kanskje kjem ei av skiferplatene til nytte her?



Igår kveld var det perfekt å sitte på platningen med leskande drikke og eit par slag backgammon - me må jo berre nyta sommarkveldane!

Ha ein nydeleg sommardag, de der ute i blogg-verda - og Tusen takk for alle kjekke kommentarar eg får, det gledar masse!

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails