måndag 30. juni 2008

Shop till you drop... og ein engletrio

Aller fyrst må eg vise ein aldeles nydeleg trio som eg har fått. Mor mi var på handerksmesse i helga, og derfrå tok ho med seg ein telysestake med 3 lyseblå englar - eg syns dei er utruleg fine! Tusen takk, mamma!


Idag var eg og mor på shopping. Dvs - eg skulle vel sånn i prinsippet vere sjåfør og moralsk støtte. Jommen sa eg moralsk støtte...

Det skjer nemleg noko underleg når eg entrar IKEA. Det er som alle dei små røystene som vanlegvis seier "nei, dette treng du kanskje ikkje, og du har iallefall ikkje råd no", dei forsvinn på eit vis idet eg entrar inngangsdøra. Gjennom kjøkkenavdelinga går det forholdsvis bra (iallefall denne gongen), men for kvart minutt som går, så rykkar det fortare og fortare i shoppe-armen. No høyres det ut som eg har shoppa for tusenvis av kroner, og det har eg IKKJE, berre så det er sagt. Men det vart fleire ting og pengar enn planlagt - som vanleg, får eg vel sei.

Når eg i tillegg oppdaga at det faktisk finst ein Hemtex-butikk berre 200 meter frå IKEA, og endåtil har vore ein snartur innom Jysk fyrst, då skjønar du nok at det ikkje gjekk heilt etter planen idag. Heldigvis er rosa-mannen ein mann med eit åpent sin (iallefall når det kjem til meg og meir eller mindre lure påfunn), så mine utskeielsar trugar ikkje familieidyllen ikveld :)

På Hemtex var det 50% salg på heile butikken. Og så mykje lekre tekstilar dei hadde der! (Heldigvis, får eg sei, var me der heilt til slutt idag, og då hadde dei små røystene teke seg litt oppatt etter IKEA-sirkuset) Eg plukka med meg denne vesle krukka til å ha kjøkkenreiskapar i, samt ein sommarleg duk som du nok får sjå seinare, i sine rette omgjevnader.



For nokre veker sidan var eg jo med å lage til loppis her i bygda. Dermed var eg òg med på opprydninga, og måtte redde eit par ting frå å havne i den evige pine. Syns desse tre små glassflaskene/-vasane var så søte. Idag kjøpte eg (skrekk og gru!) eit par plastblomar på IKEA til å sette i dei, og syns det var ganske så fint.



Til slutt, den nye hylla i stova mi, rett over PC-pulten, slik at eg kan nyte mitt fine rosa nips når eg sitt her og bloggar. Det er ei Lack-hylle, med innebygde hylleknetar som ikkje viser. Dei rosa lysestakane i framgrunnen er nye for dagen, liknar veldig på fattigmanssylv, og vart kjøpt på Jysk. I midten ser du eit "Norgesglas med gode kjærleiksråd" (ei gåve frå brødre og svigerinner til bryllupet for snart 5 år sidan, med nydikting til Finn Erix "Hjørdis med H" - priceless!), og til venstre den fine engelen min.
No er plutseleg natta her, og eg kryp opp under dyna saman med mann og born, og drøymer søte rosa draumar.
God natt!

4 kommentarer:

lilleann sa...

Hei:) Takk for koselig hilsen i bloggen min. Alltid koselig med kommentarer :) Flott blogg du har! Den engletrioen var kjempe søt, snill mamma du har ja :)å den for å ha redskapene i....sukk..:) Artig med nye små ting i hverdagen.

Ha en fin dag videre :)

Anonym sa...

Flotte saker du har kjøpt deg! Hylla med stakar og "GOOooode kjærleiksråd" på vart lekker!-N-

Anna Lisa sa...

Å...så masse fint du fikk shoppa:) Du er heldig som får både gå å handle på IKEA, og på HEMTEX på salg attpå til!! Eg var på HEMTEX i fjor sommar og fann meg masse fint på salg. Men eg måtte heile tida ta hensyn til at eg måtte reise med det heim i koffert, så eg kunne ikkje kjøpe alt eg hadde lyst på...Synd å ikkje ha slike butikkar i nærleiken ... MEn i sommar skal vi på IKEA ihvertfall..
det er då noe... :)

Ønska deg ein fin kveld vidare!
Klem
P.S
Englane du fekk med mor di var nydelege!!

Rønnaug S. sa...

Heisann! Alt for lenge siden siste tur innom deg ser jeg. Her skjer så mye det er kjekt å lese om. Nåja, sjuke unger kan vel de fleste styre seg for, men alt det andre... Også jeg som har planer om IKEA-tur i lag med ungene seinere i sommer... Best å holde godt på pengesekken...

Kos deg alt du kan. Snart sees vi dagleg :)

Klem

Related Posts with Thumbnails