torsdag 5. juni 2008

Lunchmøte og skrytebilder

Sånn eigentleg er eg i permisjon, nyt dagane heime med Hedvigen vår. Men, av og til får eg små koslege påminningar om at til hausten ventar jobben på meg igjen. Eit kontor fyllt av gode kolleager og spanande arbeidsoppgåver - ja, eg gler meg faktisk! Idag var ei slik påminning. Lunchmøte hjå ein god kollega, med god blanding av sak og prat, deilig sommarmat og det upåklagelege sommarvèret. Hagen me var i er heilt fantastisk! - kjempestor, og heilt flat, med plass til både frukttre og ulike grupper stolar og bord i sol og skugge. For meg med min smålåtne, brattlendte hageflekk var dette som ei stund i paradiset :)



Ser ikkje dette herleg ut?



Så får de bere over med meg, men eg nok nøydd til å skryte av jentene mine ikveld òg. Oda med korketrekkarane og sine mange gode kommentarar, Hedvig med sitt strålande smil og stadig nye framsteg.


Hedvig var med på møte idag, og med det same me kom var det riktig så idyllisk der ho sat og leika i skuggen.




Etterkvart var ho ikkje fullt så fornøgd med at mamma ikkje hadde tid til å sitte i graset med henne.


Etter ein lang dag med sol, sveitte, og for Oda sin del - store mengder sand (Er det ikkje merkjeleg - den skitnaste ungen i barnehagen, sommar som vinter, er alltid min!) er det både godt og nødvendig med eit bad. Hedvig er litt forskrekka over at det kjem vatn i fjeset kvar gong ho viftar med armane..


Eg trur ikkje det finst betre lukt enn den av reine, nybada ungar med bar hud og fuktig hår!


Oda er i ein skikkeleg "gjere meg finast mogleg for fotografen"-periode. Veldig naturlig!


Heilt til slutt, to bilder frå før i veka:

Storesyster fortener ein skikkeleg suss - på nasa, eller var det munnen? Ja takk, begge deler!


Oda i svevet


Takk for seg!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hihi.. så Yyyndig Oda gjorde seg for fotografen! Søt snelle!
Og etter-bade-bildet av vesle Hedvig var fint. Ei god snuppe lupp der òg!
Klem -N-

lillemor sa...

Så skjønne jenter da:)! Jeg har ei lita ei på ti måneder og ikke noe er bedre enn å bore nesen i håret på ei nybada lita lubben ei:)Lukter jo så utrolig herlig:)
Vil ønske deg en strålende solfyllt helg:)

Anna Lisa sa...

Å...dei er så fine.
Deilige sommarunger:)

Det lunsjbordet så riktig koselig ut.
Ha en koselig dag og ei fin helg!!
klem

Related Posts with Thumbnails