laurdag 28. juni 2008

Laurdagsrapport

Hedvigen vår har igrunn aldri vore glad i å køyre bil, men den siste tida har det igrunn berre vorte verre og verre. Så snart me set oss i bilen bèr det laus med hiksting og hyling. I eit forsøk på å få bukt med problemet (og, me lyt jo berre innsjå det - jenta veks!), har me idag kjøpt større bilstol til ho. No sit ho som ei dronning - så får me sjå om bilturane vert litt meir behagelege for oss alle. Me vil jo gjerne få oss ein liten ferietur litt seinare i sommar, men akurat no freistar det ikkje nevneverdig med fleire timar i bil...


Oda fekk òg noko til bilen - eit dekorativt plastdekke til seteryggen framom ho, slik at det ikkje er krise om skitne barnehagestøvlar kjem inn i bilen.


Ganske happy med resultatet (og så godt som frisk idag - hurra! Berre litt hoste og snørr igjen)





Fekk knipsa eit bilde av jentene som herjar og kosar på bestemor sitt golv ikveld - Hedvig byrjar å bli så stor at dei finn glede i å leike med kvarandre. Det er veldig kjekt å sjå, om enn litt i overkant spanande for ei hønemor...



Og sidan me er hjå bestemor og bestefar: utanfor huset her bur det ei nydeleg kvit islandshoppe - Rima. Oda vil gjerne helse på ho, men når mor kjem med kameraet vil ikkje Rima vere med på leiken meir. Oda står att, litt slukøyra...

Det vart visst blogging litt stykkevis og delt idag, men me får sei at bileta talar for seg :)


Tusen takk for alle kommentarar og gode ynskjer til sjuklingane mine - no håpar me dei held seg friske ei heil stund!

6 kommentarer:

marie sa...

Tusen takk for hyggelig hilsen i bloggen min. Da fikk jeg mulighet til å oppdagen din hyggelige og veldig rosa (fnis) blogg.

Håper dere er friske og raske hele gjengen snart. Sykdom om sommeren er nesten det kjipeste.

Rosa sa...

Hei:)
Kom innom her en snartur i går var det vel, via en annen blogg jeg skreiv i, måtte titte innom deg siden vi var to Rosaer som hadde kommentert ;)

Så ser jeg i lokalavisa i dag et bilde jeg har sett før, og tenkte jeg måtte finne igjen den sida jeg så det på, og det var her da, og bildet var av den nydelige jenta di.
Litt artig at vi er to "Rosa-er" fra noenlunde samme sted antakelig :)

Fin blogg du har her, mye fint å se og lese og to nydelige små du har. Lykke til videre med blogginga God sommer:)

Anna Lisa sa...

Så smart det var med den greia du hengte på stolryggen for å beskytte setet fra litt småsko... Kor fikk du tak i den?

Islandshestane er flotte ja:)
Har hatt Islandshest når eg var liten, eller det var min far som hadde den. Eg er allergisk mot hest så det kunne vi ikkje ha lenger etter eg blei alergisk.

Neida...eg tar det med ro også. Passer på å ikkje gjer for mykje så eg sliter meg ut. Sover ikkje bra om natta så eg treng litt kvile om dagen også.
Ønska deg ein fin søndag med lille tullene dine:)
Klem

❤ Sessan&Prinsessan ❤ sa...

Härlig blogg med vackra bilder.
& noen nydelige barn da ❤

Bladde mig litt tillbaka & såg att du triller vacker Bugaboo också ;0) Sessan=Bugaboo freak serru *hi hi*

Njut söndagen

❤ Sessan&Prinsessan ❤ sa...

Hi hi javisst, självklart RÅÅÅÅSA *glis*

På återseende

//Sessan

Tonje Marie sa...

Fine bilder av turen dokka =) Hehe, det var jo eit artig bilde der hesten berre går og Oda står og ser lenktande etter =)

Ha ein fin kveld vidare!

Related Posts with Thumbnails