måndag 23. juni 2008

God....midtsommar?

Idag er det jonsokaftan....midtsommar...eller iallefall står det slik på kalendaren. Når eg har kikka ut vindaugene idag har trea krøka seg i vinden, regnet har piska mot ruta, og huset var så hustrigt at eg såg meg nøydd til å fyre i ovnen. Du har vel høyrt at Noreg er landet med to vintrar? Den grøne vinteren er kaldast, for då fyrer me vanlegvis ikkje...


Men trass det feilslegne forsøket frå vèrgudane - jonsokfeiring skulle det verte på tradisjonelt vis. Eit ungt brurepar var stasa opp i bunadar, og som seg hør og bør - her var det krunebrur.


Når det kom til sjølvaste høgdepunktet - jonsokbålet - vart historia ei litt anna. Bålet stod med telt over seg fram til opptenning, fyrmeistaren sjenka velvilligt av tennvæska, men det vart mykje røyk og lite eld.

Sjølv etter ei halv kanne med noko som såg både særs brennbart og småfarlig ut - blanda med ei partert pappkasse - vart det ikkje meir enn 5 minuttar med småblafring, før det stilna av igjen.

Vinden var frisk, og Oda gav til slutt opp å halde på plass sydvesten. Vind og regn fekk herje fritt med krøllane, så dei trakk seg opp i skikkelege korketrekkjarar.

Det er ikkje få som misunner ho denne manken! (Ein gong nokon spurde om å litt av krøllane hennar drog ho av seg ein stor hårdott, til mor si store fortviling! No har ho heldigvis skjønt at dei ikkje meinar det fullt så bokstaveleg)

Det seiest (ref. mitt siste innlegg) at det finst ikkje dårleg vèr, berre dårlege kle. Vel, idag kjendest ikkje kleda spesiellt gode ut, dei heller.


Kan me få att sommaren vår no???

Til slutt må eg nemne at eg har fått ei utfordring frå Blåbærpai som eg aktar å svara på - eg må berre samle meg litt om oppgåva fyrst :)

1 kommentar:

Noralill sa...

Uff og uff for eit vêr! Ja, det er ikkje betre her... Men eg "gløymde" liksom heile jonsok i år eg...like godt! Me får ta det att når vetleklompen har litt utbyte av det, tenker eg...Men er fint male-vêr...inne also..hihi

Ha ei fin veke vidare!

Related Posts with Thumbnails