torsdag 19. juni 2008

Feriedraumar

Det er juni, det er offisiellt sommarferie, det er faktisk nesten midtsommar - og regnet ausar ned utanfor vindaugene, i ca 13 grader. Då lengtar eg til Sydenland!


Jadå, eg veit at det ikkje er lenge sidan me avslutta den lengste godvèrsperioden i manns minne, men likevel.... Akurat no kunne eg godt tenkt meg å vore attende på Kreta, slik me var for 2 år sidan. Eg føler faktisk at eg vert litt varmare inni meg når eg ser bileta derfrå. Den som kunne vore ei veke eller to i sydens sol og varme, med bekymringslause dagar i sol og varme. Med annan mat, andre lydar, andre lukter, ein annan kultur, eit anna folkeferd...

Alle dei nydelege blomane og buskene - oliventre og appelsintre alle stader. Vinrankar i bakgardane hjå dei fastbuande... Kanskje stifte nye bekjentskap (ja, for det er jo noko med nordmenn i utlandet - plutseleg er det ikkje vanskeleg å snakke med framande, for der ute i den store verda har me noko til felles, berre ved å vere norsk. Og plutseleg finn ein ut at verda ikkje er så stor, når den du treff ved bassengkanten på Kreta er søstra til svigerinna til dottera til naboen - eller noko slikt)


Men neste år - DÅ skal me til syden (kvar no det måtte vere). Då må det vere vår tur igjen. I mellomtida får me trøyste oss med gode minner og vakre bilder, og draumar om neste ferietur.


(Med dette biletet vann eg sommarens fotokonkurranse (2006) i lokalavisa vår. Eg vann ein Ixus60 (kompaktkamera), men sidan eg hadde nesten likt frå før bytta eg det inn, spytta i ein god del ekstramidlar, og fekk ut min elskede digitale speilrefleks - EOS 350D. Biletet er av fotspora til Oda og pappen hennar i sanden på ei strand på Kreta)

1 kommentar:

antonette sa...

Nydelig bilde, kan godt forstå at du vant konkurransen med det! :o)

Related Posts with Thumbnails