laurdag 7. juni 2008

Eg skal flytte!



Hugsar du denne?

Ikveld var ho her, jenta som ville forlate mor og far for å prøve lukka ein annan stad når heile verda gjekk ho imot. To gonger har ho byrja å kle seg for å reise frå meg - flytte til den to år eldre kusina si....

Den siste veka har vore litt tøff, både for storesyster og for mor og far. Me har verkeleg forstått kva ordet "separasjonsangst" innebèr, og det verste er at det i bunn og grunn er mi eiga feil; Måndag kveld sat eg på platningen om kvelden, mens jentene sov på kvart sitt rom. Storesyster i mi seng, og der har me ikkje babysitter. Ho vakna (heilt uvanleg), ropte på mamma - men mamma kom ikkje. Etter ei stund sprang ho inn på rommet sitt, og der hadde me babysitter ståande hjå Hedvig. Panikken var fullkommen, og lang historie kort, så har eg hatt "frimerke" sidan då. Jenta er livredd for at eg (me) skal reise ifrå ho, og slepper meg ikkje ut or syne.


Dette resulterer igjen i visse problem ved leggetid. Kvar gong me prøver å forlate rommet får ho panikk igjen. Legging, som før var ein enkel affære, er no forandra til eit to-timars mareritt. Ikveld tok det faktisk 2 1/2 time før det endeleg vart stille! Då hadde eg godsnakka, vore streng, kjefta, trua, trygla og grete - alt for å få jenta til å leggje seg ned og late att auga som var breiddfulle av sovestøv. Ho på si side er ikkje nokon liten tosk, og i tilegg til redsla ho har for å verte forlatt, kan ho ALLE triksa i boka "Korleis få sympati hjå mor og far" - du veit den som alle born vert utstyrt med frå 2-3 års alder... Av utsagn frå kvelden kan eg nemne:


  • Jammen mamma dåååå (sagt søttenhundreogørtifjorten gongar, med svært oppgitt tonefall)

  • Eg er litt redd

  • Eg er litt trist

  • Eg savnar pappa

  • Eg får ikkje sove

  • Jammen mamma, nokon gongar får me berre ikkje sove

  • Eg vil vere voksen ikveld

  • Eg vil gjere voksen-ting (etter ei bøn frå faren pr telefon om å leggje seg, så mor fekk rydde og gjere andre "voksen-ting" )

  • Det hjelper ikkje

  • Det einaste som hjelper er pappa

  • Eg vil berre vere med deg mamma, derfor kjem eg nedatt heile tida

  • Du er slem!

  • Eg vil ikkje sjå deg meir

  • Eg vil ikkje bu her meir

  • Eg skal flytte

  • Eg vil ikkje høyre den stemma meir

Ja...ho er forholdsvis velformulert, den store vesle jenta mi. Og meget bestemt - kor ho no har det ifrå. Imorgon lyt me leggje om taktikken rundt legging, for det er svært begrensa kor mange slike kveldar ein klarar utan å verte koko... Det mest positive var at når ho fyrst sovna, var det med vissheit om at me var bestevener igjen, og at eg aldri vil reise frå ho. Om ho berre ville hugse det imorgon........

På ein ellers litt trasig laurdagskveld kunne det nesten ikkje verte verre når eg oppdaga at det verken var sjokolade eller chips i skapet. Då er det jammen kjekt med ei snill mamma som på vegen heim kjøper med seg begge deler. Utruleg kor det hjelper på humøret - mmmmmmm

5 kommentarer:

Trønderpia sa...

Hehe, unnskyld at jeg ler, for dette er jo egentlig et alvorlig tema for den lille søtsnuppa.

Men du skriver så herlig, at jeg sitter her og ler for meg selv :)
Er en fryd å lese det du skriver.
Håper det ordner seg for tuppa snart, ikke noe godt med den redselen der.

Og du, klart du skal få bli med meg over i den lukkede verden!
Hvis du ikke hadde blitt med, hadde jeg kommet og dratt deg med =)

Jeg har bare ikke somlet meg til å svare alle de koselige mailene, eller å få lukket bloggen.
Dagene tilbrunges stort sett ute, men nå skal det bli regn fremover, så da blir det nok fremdrift i bloggen min også :)

Ha en strålende dag!

Anna Lisa sa...

Stakkars lisje snuppa...Ikkje lett å vere liten og ikkje forstå heilt at ting ikkje er farlig og at mamma og pappa alltid er der...Vanskelig å forklare disse små slike ting.
Håpar det kjem seg og ho føler seg trygg igjen...ho treng sikkert bare litt tid.
Håpar ellers alt er bare bra:)
Her går eg og venter...og kjenner at eg er blitt litt små irritert..men det går litt opp og ned....litt hormonar i sving...og ganske lei av at folk masar og sender sms..nå har eg slutta åsvare på dei..grrrr.....
Ha en fin søndag.
Klem

Noralill sa...

Ikkje lett å vera liten...det ordnar seg nok snart... Men strevsomt når det står på...Ha ein fin sundagskveld!

Hulda sa...

Håper det ordner seg for jenta di. Vet at flere unger har det på den måten i akkurat den alderen. Ha ei fin ny uke. :)

Blått er flott sa...

Huff og huff, sitter her og smiler, det er en "søt" historie. Men husker selv akkurat hvordan det føles, jeg var mammas frimerke en stund jeg også :)
Det er slitsomt for foreldrene når det står på, men forhåpentligvis roer det seg snart igjen!!

Senga står her nede i gangen og lyser mot meg - jeg vil ikke male, men jeg må ta meg i nakken og bli ferdig med det! Det blir sikkert fint til slutt :)

Ha en fin uke, og lykke til med legging i dagene fremover!!

Related Posts with Thumbnails