tysdag 24. juni 2008

Eit kose-innlegg

Eg har vorte utfordra av Blåbærpai, til å fortelje korleis eg kosar meg. Og, eg visste jo at eg kosa meg, men at eg har så mykje kos - det var det greit å bli minna på :)

Fyrst av alt vil eg nevne alle dei koslege stundene med jentene iløpet av ein dag. Frå dei små samtalane med Oda, der ein får innblikk i alt ein 3-åring tenkjer på, til leikestunder med Hedvig, som skrattar berre mor kikkar fram frå ei skapdør. Eg prøver så godt eg kan å ta vare på desse kosestundene, og hugse på dei når det stormar rundt oss. Å sjå at ungane kosar seg ilag med leik og morro, at dei tullar og ler til kvarandre, er òg - ja, rett og slett kosleg!

Om morgonen, når me et frokost, då likar eg å høyre på radio. Eg kosar meg med nitimen om vinteren, og reiseradioen om sommaren (er det eit aldringsteikn, tru, dette med radioen?). Radioen høyrer foresten òg med når eg driv med noko av det eg syns er aller kjekkast - scrapping. Då kosar eg meg slik at klokka spring så ho er galen - tida går alt for fort! No om sommaren er det svært lite som vert produsert på scrapperommet mitt, men eg er heilt sikker på at når hausten står for døra, så gjer scrappelysta det same. Og forresten, med det vèret me har i desse dagar planlegg eg faktisk ein aldri så liten scrappedag ganske snart ;)

Lysta til å sitje framfor PC'en ser ikkje ut til å verte nevneverdig svekka av verken sommar eller varme, eller noko anna for den saks skuld. Her kosar eg meg (altfor) mykje! Det er jo tallause bloggar eg skulle ha besøkt, i tillegg til eit og anna forum for småbarnsmødre som eg berre MÅ innom. Ja, eg er nok litt over gjennomsnittet avhengig.... Men det er jo så mykje inspirasjon å hente (som om eg treng meir inspirasjon - det er jo tida det blir for lite av)

Og når eg først snakkar om inspirasjon, så kjem me fort til neste kosestund: Når Oda er i barnehagen, Hedvig søv, og mannen er på jobb; Når eg endelig finn tid og ro til å setje meg ned med kaffikopp og siste utgåve av BoligPluss eller tilsvarande - DÅ kosar eg meg då! Det er forresten ganske kosleg når mannen er heime òg - min kjære film-glade mann. Så sant me har tid og anledning ser me film om kvelden når jentene er lagde. Då kosar me oss, både eg og han. Om eg i tillegg kan ha eit enkelt strikketøy i fanget slik at eg "gjer" noko mens eg ser film, då er det heilt topp!

Og sist, men ikkje minst (eg kjem nok til å komma på mange fleire ting som burde hatt sin plass her, men akurat no er hovudet tomt og augneloka tunge!) eg storkosar meg når eg går rundt og fotograferar! Eg har likt å ta bilder sidan eg var 12-13 år gammal, og etter at eg fekk meg digitalt speilreflekskamera har det vorte endå kjekkare. Så spennande å sjå kva ein klarar å fange, av stemning, liv og lys - og så er det jo så kosleg å sjå bileta seinare!


Slik kosar eg meg altså - mellom anna. No lurar eg på korleis Trollkåno og Spøkerommet kosar seg aller mest?

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails