måndag 2. juni 2008

Det vil jo ingen ende ta!

Me, som vanlegvis kan sutre og klage over det sure regnvèret me alltid har hengande over oss, har no hatt fint vèr i halvannan månad i strekk! Sola har varma oss og gleda oss med sitt nærver, kun avbrote av ytterst få regnbyger. Og her er vèrvarselet for neste 10 dagar:
For min eigen del klagar eg ikkje - eg nyt sommardagane, og må kun passe på å vatne plen og blomar. Men stakkars bønder, som får bøane avsvidd før avlinga rekk å koma opp. Det kan bli hardt å vere sau til vinteren, om ikkje dei overstadig gåvmilde vèrgudane snart strør sine edle dråpar over Vestlandet igjen. Berre litt, sånn at me vert minna på kor godt me har det ;)

1 kommentar:

Anna Lisa sa...

Ja det er herlig med sol og sommar!!
Kos deg. Håpa lillegutt er frisk igjen.
Klem fra meg :)

Related Posts with Thumbnails