måndag 12. mai 2008

Utvikling i hagen

Heldigvis er det ikkje alt tankespinn, når det kjem til hage - me får av og til gjort noko òg!



Sist torsdag skulle eg berre få ny gassbehaldar til grillen, og vips hadde eg forvilla meg inn på Europris der dei hadde zink-potter i lange baner. Riktig søte var dei! Men potter utan blomar er jo nyttelaust, og like plutseleg hadde eg forvilla meg til torget der alle blomsterhandlarane var "laina" opp! Eg elskar spanske margerittar, så heile 7 slike + nokre små søte nellikar fekk vere med meg heim. 2 typar frø datt òg opp i posane mine på mystisk vis.


(Denne digre jernpanna fann eg då me rydda grendahuset på dugnad for ei stund sidan. Og ja - eg fekk lov til å ta den ;) )

Denne kvelden var målet å få planert ut jorda og sådd i det som skulle verte plen - det andre nivået i hagen vår. Med eit par traktorskuffer jord - køyrd med trillebår opp "brattebakken" - og intens raking var det klart for å så og tromle.



Og når eg fyrst hadde god jord tilgjengeleg måtte eg jo i tillegg nytte på og få planta blomane mine! Kort sagt: klokka gjekk så ho var galen, og det var vorte mørkt før me pakka ihop reiskapar og gjekk inn. Men så hadde me både nysådd plen og nyplanta blomar, då :)



Heilt til slutt eit bilde av dagens badejente, godt inntulla i handkleet, og med krøllane i fritt fall

2 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Skal sid ere er effektive. SÅ fint det blir hos dere. Jammen rart med sånne butikker og torg... Ting og tang har en tendens til å ville ut derfra og se hverden hos oss som bare skulle forbi...

Bokstavene på LO'en min er kjøpte av plastikk. Spøkelsesbokstaver, de kaller. :)

Den gode feen sa...

Hei! Så kjempefin hagen vert, og ikkje minst: for ei fantastiskk herleg jente! Klem

Related Posts with Thumbnails