torsdag 22. mai 2008

Rein lukke i posten idag

Dagen idag er prega av irritasjon. Irritasjon over rot, støv, skit, kle, papir - alt som samlar seg opp iløpet av kort tid, og som det tek ein evigheit i verte kvitt. Eg fattar ikkje at hybelkaninar kan formere seg så fort, eller at det skal lite til før PC-bordet (som står midt i stova, og eigtleg berre skulle ha skjerm og bittelitt datautstyr oppå seg), vert overfyllt av papir, kamera, teikningar,glas, duplo - u name it!

Eg vert så utruleg irritert av husarbeid!!!

Men idag må det til, for imorgon kjem verdens skjønnaste jenter på beøk til oss - ei stor og ei lita. Ei veninne som mor kan drikke vin og slarve med, og ei veninne som Oda kan leike og tøyse med. Og då hadde det jo vore fint om huset såg nokonlunde ut, ikkje sant? Når besøket kjem er all irritasjon gløymd, berre for å ha sagt det ;)

Men så - til poenget: I posten idag låg det eg alltid går og ventar på! Ja, for eg klarar aldri hugse datoar for ting og tang, så kvar einaste dag er ein potensiell "kjekke ting i postkassa"-dag. Men idag kom det endeleg nytt nmmer av BoligPluss *jippi*. Det var faktisk så kjekt at hjarta gjorde eit aldri så lite hopp! Sjølvsagt ganske irriterande at eg måtte legge det fint ifrå meg for å rydde litt meir, men kanskje kanskje ikveld, når ungane har lagt seg, og eg har gjort det eg må gjere - DÅ kan eg setje meg ned og kikke litt, og drøyme meg vekk i vakre hagar og heimar, og planlegge alt eg skal gjere her hjå meg sjølv....

3 kommentarer:

Blå-hvit samlemani sa...

*sikle, sikle*

Jeg fikk ikke mitt blad i dag...så det i en annen blogg også, nå er jeg skikkelig missunnelig..

Ha en fin dag og kos deg med nytt blad.....

*snufs* :) - mitt Må komme i morgen...

Anna Lisa sa...

Ja det var skikkelig koselig å få bladet i posten i dag. Har kosa meg med det. Men likte ikkje alle reklamene inni av biler og annet tull...det tok vekk litt kosefølelsen....men men...Kansje bare eg som er litt rar slik...
Ønska deg ein fin kveld.
Kos deg
Klem

Gamlå sa...

:) støv, rot osv, ikke la det styre deg...DET KAN VI GJØRE NOE MED...og da forsvinner det...egentlig så er det flott...synes jeg...hilsen Gamlå. Fin blogg du har!!!

Related Posts with Thumbnails