måndag 26. mai 2008

Ny vegg og gammal benk

I helga har mannen verkeleg stått på - arbeidsbuksa kom på før frokost var innteken, og med liv og lyst sette han igang med snikring på platningen. Slik arbeidslyst er jo berre nøydd å gje resultat, og sjå her kor bra det vert:

Veggen som vernar mot elvesus, elvetrekk, og småborn som vert dregne mot vatn har funne si form!
Midt på, ein liten glugge slik at den som ynskjer kan kikke ut på heggen, og elva som akurat no er mild og klukkande. Eit glimt av mannen igang med rekkverket kan du òg få.
Og "fortet" vårt, slik det ser ut pr idag. Neste steg er å få på lekter og kledning på rekkverket + gelender på trappa. Eg har ein plan om å male veggen, men har ein mistanke om at impregnert material skal turke litt fyrst (?)



Og så, til noko eg aldri har gjort før - laurdag var eg på garasjesalg! Der var det litt av alt, "nytt" og gamalt om ein annan, meir og mindre sjarmerande. Ein gyngestol hadde eigentleg lyst til å vere med meg heim, men ei dame med eit noko meir trena blikk en meg overtalte den til å fylgje ho. sukk! Istaden kjøpte eg med meg denne benken, som no står på platningen. Eg såg den for meg der oppe, med sommarslege sitteputer på. Tanken er å male den kvit, men akurat no stussar eg litt. Den bør vel uansett behandlast på noko vis om den skal stå der ute i vèr og vind om sommaren? (Iallefall om den skal halde ut meir enn éin sommar) Om du som les har eit heitt tips til meg, så tek eg gladeleg imot! Eg finn meg sjølv nok ein gong i ein situasjon eg ikkje trudde eg skulle vere.... loppisfunn...hmmm.



3 kommentarer:

tanja sa...

det spørs om du ikkje må vente nokre mnd før du målar(synd ikkjesant) ellers må eg sei at dåkke er utruleg flittige!

Anna Lisa sa...

Flink mann du har!!
Dette blir ein super uteplass :) Her må dokke kose dokke masse!!
Håpa det blir fint vær i sommar :)
Ønska deg ein god dag!!
Klem

Rønnaug S. sa...

For en plass dere får. Helt nydelig. Og så så kreativt. Den gluggen i veggen er jo bare så flott. Ser for meg noen korger hengene på veggen, korger med blomstrende planter. Og puter på benken, puter i sommarlege fargar. Sommarputer på ein beisa benk - eller kanskje den er måla kvit... For noko må den få, elles vert det berre denne sommaren.

(Du verden, blei helt inspirer og gikk over i nynorsken...) ;)

Related Posts with Thumbnails