tysdag 20. mai 2008

Klar for picnic

Eg skreiv i eit tidlegare innlegg at eg ynskte meg ei picnic-korg. Når uteplassen vår er ferdig vert den einaste bakdelen at det er litt langt frå kjøkkenet, når me skal ha måltid der oppe. Difor ville eg ha ei god picnic-korg, slik at det vert færre turar.

Eg surfa både lenge og vel etter noko høveleg, men når eg minst venta det fann eg den - på Europris (av alle stader). Faktisk var det to - ei ganske stor, og ei litt mindre. Den minste ser du på biletet under - den passar fint når ein berre skal ha ein kopp kaffi med noko attåt. I den andre er det plass til det meste ein treng til eit måltid. Den vart prøvekøyrd sist me grilla, og eg slapp unna med berre 2 turar frå kjøkkenet og ut! Og så passar det jo utruleg godt at dei er kvit og lyseblå - heilt perfekt!



Me har sådd plen, og sjølv om fyrste halvanna veka var varm og turr - no veks graset!



Ikveld har det småregna her hjå oss, men likevel vart det ein tur opp på platningen med verktøy og godt humør. Det gode humøret svant kanskje litt etterkvart, men me fekk då opp litt meir rekkverk, og fekk byrja på leveggen som skal stå mot elva med den støy og dei farar den bringer.

Skal leita fram bilder frå korleis det såg ut her då me kjøpte huset, og leggja i bloggen - det har skjedd ganske mykje!

5 kommentarer:

AvaAdore sa...

ja, av og til finn man skattar dar man minst ventar det.. :)
og du, picnik-korg er eit must!!

Rønnaug S. sa...

Takk for tipset. Da veit jeg hvor jeg må svinge innom. Korga mi blei overkjørt for ei stund sida... ;)

Gamlå sa...

Flotte kurver!!! Kurv hører alltid med til vår/sommer!! Som du sier så er det praktisk!!!
Gleder meg til å se bilde når gresset er vokst seg ferdig.

ha en fin dag hilsen Gamlå

Tulip sa...

Søt piknik kurv!
Sånne kurver får man aldri nok av.

Forresten; så flott trappa deres ble. Mye arbeid, vil jeg tro, men godt når en kan nyte resultatet i etterkant!

Blåbærpai sa...

Den var jo kjempe fin!
Eg brukar mi gamla heeiiile tide når me skal ut i hagen!(har du sikkert sett)Korga mi er minst 10 år gamal og går snart i oppløysing og for tida tek ho vare på tre-fire strikketøy.
Kanskje eg skal spandere på meg ei ny eg òg!
Takk for tipset!

Related Posts with Thumbnails