fredag 30. mai 2008

Idètørke? Fredagstankar, med noko attåt

Då eg skulle starte dette innlegget kom idètørken over meg - meir som med eit smell ramla det over meg at eg ikkje hadde noko å blogge om. Ingen fantastiske bilete av jentene, ingen store nyvinningar i hagen, ikkje noko revolusjonerande nytt i heimen, og ingen overveldande kreativitet. Berre den vanlege fredagstrøttheita som pressa seg på. Så sovna eg i godstolen - og vips, her er eg igjen!

Det er gressenke-fredag, mannen er på konsert, og jentene søv. Vesle Hedvig kubba tidleg i fanget, og drakk vel eigentleg ei heil stund etter at ho var sovna. Då var det berre å bere ho i seng. Storesyster hadde òg baska seg trøytt, og ville forsikre både seg og meg mange gongar om at ho alltid ville vere med meg. Kvar dag. Så vart ho litt trist fordi pappen ikkje var her med oss. Det kom seg når me snakka litt om at sjølv om me ikkje er ilag heile tida, så er me alltid med henne. -For dei me er glad i, dei bur inni hjarta vårt. Då smilte ho lurt, og spurde om pappa snakka litt med magen hennar òg, der han sat inni hjarta :)


Me har hatt ein fantastisk mai månad - utan sidestykke. Det starta jo allereie i april med fint vèr, og me tenkte at "jaja, eit par veker bra vèr i april er ikkje uvanleg". Men, me unntak av nokre få enkelte regndagar har desse vekene vorte mange, og no er det rett og slett skikkeleg sommar! Til fordel for vegetasjonen kunne me gjerne hatt litt fleire regndagar innimellom, men bortsett frå det berre nyt me.


Her ein dag var eg innom Noralill, og såg alle dei lekre kjøpa ho hadde gjort på Patina. Eg lova meg sjølv dyrt og heilag at eg ikkje skulle ta turen dit før etter at mannen hadde fått lønning neste gong. Jommen sa eg lovnadar...

Plutseleg idag var eg der, og du hendelse kor mykje fint! (Ja, dei har nettbutikk - berre fylg linken over) Jammen var det kjekt at NAV plutseleg fann ut eg skulle få litt pengar idag, men eg klarte likevel å begrense meg ganske bra, syns eg. Berre to små, veldig søte telys-lykter forbarma eg meg over. Når dekorplanen for uteplassen er litt meir strukturert skal eg tilbake dit og snope.. lykter, korger, koppar - u name it!


...så var visst ikkje idètørken så galen likevel :)
- god natt!

2 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Det er virkelig herlig med varme og sol. Vi har hatt det så fint her også siste tida. Deilig. Syns vi fortena det, for det har absolutt vore nok regn her ellers...
Kjempe søte jenter har du forresten:) Så mykje å skryte av:)
Ha en fin helg min venn.
Klem

Rønnaug S. sa...

SOmmer i massevis. Og nyter, det gjør vi, kaffe på trappekafeen og nyklipt grss - måtte bare ikke resten svi vekk.

Så koselige lykter du har kjøpt. Trur nok de skal få¨et godt hjem hos dere ;)

God helg :)

Related Posts with Thumbnails