torsdag 15. mai 2008

Golvet er ferdig

..og her snakkar me golvet på platningen. Ein aldri så liten milepæl får me seie at det er, sjølv om det gjenstår mykje arbeid før den store gode uteplassen vår er ferdig.



Mannen vert så inspirert til vidare arbeid når han får fullført noko, og veit korleis han skal angripe neste "problem", så neste kveld var det rett igang med å setje opp stolpar til rekkverk.



Imorgon vert det nok ein tur på Byggkjøp for å skaffe meir materialer til rekkverk og trapp. Og så var det den kledningen på huset som skal byttast, då..... (nei, med 100 år gammalt hus vert me ikkje arbeidslause - eller millionærar - med det fyrste *smil*)

Oda mi tok myggnettinga som brureslør ein dag, og gjekk rett i blomsterenga for å plukke brurebukett. Mor fekk det ærefulle oppdraget å vere prinsen ho skulle gifte seg med.



Og til sist - blåbærlyngen på oppsida av huset ber lovnader om ein god seinsommar/haust. Dekorativ er den òg.




Nei forresten, det var ein ting til; Eg var på besøk hjå naboen her ein dag, og forelska meg heilt i desse blomane. Det er ein staude, og før sommaren er omme har eg tenkt å tigge meg til ein avleggjar eller to.




Etter ein dag med intens skallebank vert det tidleg kveld i det rosa universet. Strikketøyet er framleis på frifot, og utfor stovevindauget ausregnar det. No har me hatt sol og fint vèr i fleire veker (altså - så lenge eg kan hugse), og det gjer godt med litt regn for plen, hage, og alt spirande liv. Så får me berre håpe at sola kikkar fram att iallefall på nasjonaldagen!

2 kommentarer:

Anita sa...

Det der kommer til å bli sååå bra!! Så morsomt bilde av bruden i blomster engen!!! Ett virkelig blinkskudd! Ha en strålende 17.mai!

Anna Lisa sa...

Dette blir ein kjempe fin uteplass!!
Herlig!! Håpa på mange fine sommardager og kvelder framover:)
Klem

Related Posts with Thumbnails