onsdag 28. mai 2008

**Fanfare** - Sjå kva me har fått til!

Ein liten fanfare til ære for oss sjølve ikveld (eller eigentleg igår kveld..)

Me brukte heile kvelden oppe på platingen, og jammen vart me ferdige med å kle rekkverket. Seint vart det - faktisk var klokka halv tolv då me endeleg kom oss i hus etter rydding og kosting. Og sjølvsagt er det litt småplukk som manglar... eit topp-bord på rekkverket, litt sånn avrunda. Og ei grind framfor trappa må me ha, så ikkje veslemor akar seg utom kanten *grøss og gru*. Men sånn i hovudsak er me ferdige, og ser korleis det vert. Og me er super-fornøyde!

Igår, medan Hedvig sov, tok mor med seg kaffi og interiørbladet sitt opp dit, og nytte sol og sommar ei heil stund. Usannsynleg deilig sitje der, heilt avskjerma frå vegen og verda rundt. Eg har så mange tankar og draumar om kva eg vil ha der oppe for å gjere det kosleg og fint - gje meg berre litt tid og masse pengar!!

No syns eg det høver seg med ein liten kavalkade over kva som har skjedd der oppe i skråninga. Det har teke to somrar (og ein vår) å få det til - tallause arbeidstimar, store mengder svette, kanskje litt blod, men forhåpentlegvis ikkje så mange tårer. Me har fjerna eit skur, som kun stod oppreist pga alt skrotet det innehaldt. Ein halv container med metallskrot, f.eks. Me har saga skog, hatt besøk av ein snill onkel med gravemaskin, og snikra, saga, skrudd og ikkje minst - tenkt! (Ganske krevjande, berre det) Ein takk må rettast til svigerfar, som har stillt opp her mange laurdagar og bidrege med arbeidslyst og problemløysing! No er det berre siste finish'en att, og det igrunn det kjekkaste :)

3x3 hurra!!
Er du klar? Her kjem raset -
"Progresjon i prosjekt uteplass"

















Då kan me vel snart invitere til grill-innviings-fest? :)

7 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

WOW!!!!! For en jobb dere har gjort. Bøyer meg i støvet for innsatsvilje og gå-på-mot. Og ikke minst for øyne som ser muligheter der andre bare ser kratt og rot. GRATULERER med flott uteplass.

Lappesola sa...

Gratulerer. Godt jobba. Nå er det bare derkoreing som gjenstår, men det er vel det kjekkeste.
Hilsen Lappesola

Anna Lisa sa...

Misunner deg av denne uteplassen må eg bare innrømme :)
Den er virkelig flott!!
Heldig som har hatt hjelp av ein snill onkel også.
Blir kjekt å pynte med møbler og blomster tenker eg.

Ellers er ingenting skjedd med meg ennå nei...skal styre og ordne litt i huset i dag, så kansje det etter noe i gang... I natt har eg sove lite, verkt og hatt mange "falske" rier...Det er litt slitsomt.
Men uansett...så er det ikkje mange dagane igjen nå :)
Ha en flott dag!!
Klem

Tulip sa...

Dette har vært litt av en jobb tenker jeg, men så flott det ble!
Her blir det nok mange late sommerdager og sene kvelder tenker jeg!
Kos dere etter alt strevet!

AvaAdore sa...

Nydelig Rosa!!
du kan ha store grillfestar dar!!

Ser for meg Hedvig sin ettårsdag oppå der eg!

Dåkke er kjemkeflinke, eg blir heilt svett berre av bildene eg!!

(ps; eg foreslår at vi slår opp eit stort partytelt slek at eg og gjengen kan bu dar når vi blir huslause nesteår *galgenhumor*)

*smask*

... 4 på toppen sa...

Wow, dette så bare helt fantastisk flott ut. En skikkelig deilig plass. Tenk deg når sola skinner og lubne barneføtter kommer tassende over gulvet på denne fine plassen.

Takk for titten, håper jeg kan se innom litt senere.

*klem*

Noralill sa...

Kjempeflott uteplass! Må vera godt å ha ein plass i sola sånn heilt for seg sjølv... Tusen takk for tipset om piknik-korg...skal øyeblikkleg skaffe meg ei slik...hihi. Kos deg i sola!

Related Posts with Thumbnails