onsdag 14. mai 2008

*** Etterlysing! ***

Med dette går ei etterlysing ut i den store bloggverda.

Eg saknar intenst strikketøyet mitt!!

Siste bekrefta observasjon vart gjort i det rosa universet, nærare bestemt i stova, hengjande på sofaen i den kvite posen sin. Strikketøyet er omlag 5 månadar gammalt, 30 cm langt, og offwhite i fargen. Det er nokså urøynd i den store verda, og lyder ikkje navnet sitt. Det viser seg derfor vanskeleg å lokalisere, sjølv om det no er gått manngard etter det i nærområdet. Det er uvisst om strikketøyet kan ha vore blindpassasjer ved utfart frå det rosa universet, men det kan ikkje utelukkast. Biletet under er eit barndomsbilde, og viser ikkje strikketøyet i sin noverande storleik.

Har du tips i saka, levèr dette i næraste kommentar-felt!


5 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Beklager å måtte melde at strikketøyet ikkje har vore innom her på veg ut i den store verda. Den grøne tvillingen som vaks opp her har reist. Men den var utvaksen før den for.

Lukke til i leitinga :)

Torill sa...

Har ikke funnet noe på Åsheim heller, skal ta en leterunde før 17 mai.

Anna Lisa sa...

Har du missta strykket ditt? Så synd da....
Håpar det dukkar opp iallefall:)
Ønsker deg ein fin torsdag.
Klem

Anonym sa...

HEheheee!
Nei, DET har vi IKKE sett!!!


Så effektive de er i hagen! Vert fint no.
Her var koselige innlegg og har lese meg igjennom .Ser ut som turen til Stavanger vart bra også!
Klem-N-

AvaAdore sa...

wahahahaa det er eg som har det veit du!!!

ynskjer og mair informasjon om ulla di, for slik vil eg og ha!!!!

*suss*

Related Posts with Thumbnails