fredag 16. mai 2008

Alt klart?




Det føles nesten som ein ladar opp til jola, dette her. Rydde hus, planleggje mat,ordne klede, alt snakket om "dagen før dagen" i media.

Oda har snakka om morgondagen heile den siste veka - minst! Ho gler seg nok aller mest til ho saman med barnehagen skal stå på scena i grendahuset og syngje for heile bygda. Saman med venene sine, som ho òg skal gå i tog med. Dei har øvd på songar og hurrarop kvar dag, og eg er spent på kor mykje ho hugsar når det verkeleg gjeld. At ho trivst i rampelyset er det iallefall ikkje tvil om :)




Bunadane våre var jo i bruk sist helg, men då rakk me ikkje ta noko skikkeleg bilde, for medan eg stod og tok på meg min eigen bunad skulle Oda gå frå huset til bilen. Det enda med knall og fall, hólete strømpebukse, blod og plaster på kneet. På att måtte minnie mus-strømpisen med grønske på begge knea. Mor vart faktisk såpass stressa at sylja låg att heime!




Imorgon er eg åleine med påkledning av 3 bunadar, sidan mannen marsjerar dagen lang. Eg får vel berre rekne god tid, og så har eg dobbeltsikra meg (eller evt Oda) med 2 nye, kvite strømpebukser. Denne gongen håpar eg at eg rekk å ta bilder av jentene mine før bunadane sitt på halv åtte! Litt speling vert det for meg òg, men mest tid med ungane. Og på kvelden får me besøk. Snille "mamma mitt" har vore her med ei stor skål av verdas beste potetsalat, og så vert det rømmegraut, spekemat og flatbrød. Skikkeleg festmat skal det vere.




Bunadskjennaren ser at det er to små Vossabunadar som ligg klare til bruk her. Eg syns den er så flott, og syns det er kjekt å finne fram min eigen konebunad av same slag. Eit lite problem er det sjølvsagt at det er noko gale med klesskapet mitt, men etter ein tur i bloggverda ser eg at det slett ikkje er uvanleg - bunaden har krympa! Den er dessutan frykteleg høg i livet, så ein gong eg hugsar på det i rett tid, og har råd til det, då skal eg bestille nytt liv (vest) til bunaden min. Heilt til slutt må eg berre skryte litt, og fortelje at all svartsaumen på skjorta har eg faktisk sydd sjølv!




Då står det berre att å ynskje alle ein strålande nasjonaldag
- Hipp hipp hipp HURRA!!

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails