onsdag 31. desember 2008

Ein rosa årskavalkade

I desse dagar er det særs populært med årskavalkadar: Nyheitskavalkade, sportskavalkade, underholdningskavalkade - you name it!
Litt inspirert av dette, og av Emmeline sitt tilbakeblikk på interiøråret tenkte eg å lage min eigen kavalkade, frå året i det rosa universet.

Januar - lite å mimre om her ser eg. På denne tida blogga eg på mitt eige domene, men bestemte meg i månadsskiftet januar/februar for å flytte til blogspot. Eit par innlegg frå januar vart teke med i flyttinga, som eit med denne kule karaffelen frå Eva Solo.



I februar tok Oda mandlane, og eg hadde mykje tid på scrapperommet sidan rosamannen stadig var på øving og førebuing til NM for BrassBand.



Mars var både vinter og vår, med påske, skiturar og spirande liv. Ein strikkakjole vart til, og litt scrapping fekk eg òg tid til.



I april kom våren for fullt! Me hadde vekesvis med nydelege vårdagar, og plutseleg var me igang med hagearbeid og draumar om uteliv.



Mai - du skjønne milde. Det gode vèret fortsatte, og kva er vel vakrare enn milde mai-dagar? Eg og rosamannen var ei helg i vakre Stavanger - ei heil helg vekke frå våre søte små! Nasjonaldagen kom og gjekk, som den alltid gjer, og i hagen gjekk arbeidet fint framover



Juni kom, og med den kom regnet. Med regnet kom òg ugraset - enorme mengder av det! Planting i hagen, blomeshopping , og midtsommar i ausande regn. Lokal loppemarknad fekk eg òg med meg

Juli, sjølvaste sommarmånaden.

Me hadde mykje varme sommardagar, og bloggen var prega av blomar, hageliv og gode dagar.

Så kom august, og årets sommarferie gjekk til Hunderfossen og Biri. August er bursdagsmånaden for jentene mine. Månaden då eg skulle ta fatt på jobb igjen etter eit år i permisjon. Månaden då Hedvig skulle byrje hjå ei velrennomert dagmamma som kunne ta godt vare på ho. Slik gjekk det ikkje, men heldigvis ordna alt seg til det beste til slutt. I august fekk eg òg vere gjestebloggar på Norske Interiørblogger, der eg viste fram det nye kjøkkenet mitt.


Og i slutten av månaden starta snikkaren på arbeidet med å skifte kledning og vindauger i huset. Med andre ord - ein innhaldsrik månad!

September, starten på hausten. I rosaheimen handla det stortsett om èin ting - å prøve å male huset fort nok til å halde fylgje med snikkaren. Som verdas beste avkopling var eg på kurs, og scrappa mi fyrste stjernebok.


Så vart det oktober - månaden der eg sjølv har bursdag, og fekk silhouette-maskina eg hadde ynskt meg lenge. Men noko mykje viktigare hende òg - etter 6 vekers arbeid var snikkaren ferdig med huset, og sidan frosten sneik seg innpå oss var malesesongen òg plutseleg over. Sjølv halvmalt syns me det er finaste huset i bygda.


Plutseleg var me i november, og denne månaden vart det mykje scrapping. Fyrst ei heil helg i heimen utan mann og barn, og deretter kvar einaste kveld eg hadde høve resten av månaden. Det vart stjernebok, LO'ar, bokmerker og forskjellige kort. Alt saman så utruleg kjekt å pusle med!

Og så kom desember, med alt for mange planar på alt for lita tid. Førjolstid med tilstelningar, joleførebuingar og gåveproduksjon. Og midt i jolestria var eg i hovudstaden og hadde 3 fantastiske kursdagar. Ein hektisk men kjekk månad, som om ikkje mange timane er over.


Snart kan me skriva 2009 - eit heilt nytt år. Heldigvis veit me ingenting om kva det nye året bringer av gleder og sorger, oppgåver og utfordringar. Me kan berre håpa og tru det beste, og gå på med friskt mot klar for det som måtte koma.

Det har vore eit knallkjekt blogg-år, og eg syns det er utruleg korleis ein knyter band med folk ein kun "ser" gjennom innlegg og kommentarar i ei virtuell verd. Eg gler meg til fortsetjinga, og ynskjer alle medbloggarar og lesarar
eit strålande godt, fredfullt nytt år!

måndag 29. desember 2008

Det kimer nu til julefest..

Er det ikkje rart - no når det endeleg er jol, ja for det er jo i aller høgste grad jol endå(?), så er det utruleg mange som har mista heile jolestemninga, og eigentleg berre ventar på fyrste anledning til å lempe gran og nissar på dør. Her hjå oss sit nissane foreløpig trygt. Eg syns det er kosleg å ha jolatreet her med alle sine ljos, og likar å kunne tenne i staken som spreier den nydelege lukta av kongerøykjelse i heile rommet.

Idag på 5. dag jol var det tid for den etterkvart tradisjonelle jolatrefesten i grendahuset i bygda. Det brukar å vere eit "rotte-race" utan like, med fullt hus, hæla i taket og tenna i veggen. Det verkar som alle ungane i bygda får eit ekstra gir idet dei set beina innanfor døra i den store salen, og med det giret fylgjer det eit par ekstra knepp på volumet òg. Mange gongar har ein knapt kunna høyre seg sjølv tenkje i kaoset!


I år var det litt anleis. For det fyrste var det mykje mindre folk enn vanleg. Kanskje halvparten så mange som sist, og tru meg - lydnivået var svært mykje meir behageleg. Det gjekk endåtil an å føra ein samtale med sidemannen ( eller -kvinna)!

Eit sjakktrekk har vore å flytta jolatregangen til fyrst i festen - før ungane er fullstappa i sukker og e-stoff. I år fekk eg endåtil æra av å føra an i jolesongen. Det er jo eigentleg plankekøyring, men når halvparten av songane som ungane kan ikkje står i den alt for seriøse jolatresongboka måtte eg få enkelte innspel frå sidelinja for ikkje å havne heilt i bakevja.



Men litt seinare, då dei før nenvte e-stoff og sukkerbombene var inntekne, då var det ikkje lenger råd å stogga det like årvisse "spring-så-fort-du-kan-rundt-jolatreet"-løpet. Det du ser over er altså Oda i farta. Eg valde å ta biletet slik utan blitz, for verkeleg å illustrere tempoet det går i mot slutten av ein ekta jolatrefest. Vesle Hedvig i klumpete sko hang òg med, og var faktisk ikkje overkøyrd av nokon i den store malstraumen. Alt i alt var det ein særs effektiv jolatrefest; me kom, me song, me åt, dei sprang, me kjøpte lodd, dei fekk nissegodt, me trakk lodd, og vips - etter ein dryg halvannan time var gildet over. Eg kunne slepa med meg to småsure pappa-jenter heimatt, medan far sjølv gjorde si plikt som god bygdamann og tok ein slump dugnadsinnsats for å avpynta den store grana. Då er det berre å gle seg til neste år, då me igjen skal springa "rundt om en enebærbusk" ;)

Ha ein god romjolskveld!!

laurdag 27. desember 2008

Heimelaga smykkeskrin

Man tager:
12 fyrstikkøskjer i høveleg storleik
2 einsfarga ark tynn scrappekartong
2 designerark, gjerne med mønster på begge sider
1 tom grandiosaboks
1 stk visdomsord - printa på kartong
litt sløyfeband
bokstavar trykt ut med QK stansetang
distress ink til elding av papir og kantar
nokre timar på scrapperommet med tålmod og arbeidslyst (og ingen av delane er noko problem når eg sitt der ;) )

På ei jolemesse i november såg eg ein minikommode laga av små fyrstikkøskjer. Den var laga som ein jolekalendar, med 24 øskjer (og det var Janne som hadde laga den). Den yngste svigerinna mi såg denne, og utbraut at ein slik ynskte ho seg. Det kan hende ho angrar litt på det no, men eg tok ho altså på ordet, og laga ein minikommode, heilt perfekt til småoppbevaring - smykkeskrin, hårstrikk/klemmer... u name it.

Du lurar kanskje på kva eg brukte pizzakartongen til? Jau, eg skar ut høveleg størrelse til å lage topp- og botnplate, som eg så kledde med einsfarga kartong. Litt distress ink (altså stempelsverte) rundt kantane gjev eit litt elda preg, og litt meir djupn i utsjånaden. Ein bit av eit mønsterark i turkis og brunt på toppen var nok dekor i seg sjølv.




Kvar skuffefront fekk ein bit av det samme papiret, og det fine med dobbeltsidige mønsterark er at ein kan få variasjon som heilt garantert harmonerer. Eg stakk hòl i alle frontar, og tredde med litt møye eit smalt sløyfeband igjennom slik at det skal vere lett å opne skuffene (og Merethe - om nokon går litt treigt - prøv med litt potetmjøl langs kantane. Eg har stor tru på at det vil gjere susen :) ) Distress langs alle kantar og skøytar skapar igjen djupn og ganske fine kontrastar syns eg.
Eit dikt, eller visdomsord om du vil, som eg nok har brukt til det kjedsommelige i det siste. Men eg syns framleis det er fint og høver i mange samanhengar - også her, til ei ung dame.

Gårsdagen er historie
Morgendagen er et mysterium
Dagen idag er en gave - Nyt den!




Så håpar eg berre at mottakaren vart nøgd, og kan få nytta denne vesle kommoden på eit vis. Det var iallefall kjekt å laga den!

fredag 26. desember 2008

Back on track

Så kom jola, slik den alltid gjer. I rosaheimen var der full aktivitet til litt utpå natta jolaftan, og me kom i mål med det aller meste. Førjolstida vart noko travlare enn eg hadde tenkt, men det er antakeleg ei fylgje av for store planar, kombinert med ein litt meir hektisk kvardag enn me har hatt før.

Uansett, me har og har hatt gode joledagar i rosaheimen. Jolaftan med Askepott og snikkar Andersen på dagtid, pinnakjøt, nisse og eit fjell av gåver om kvelden. Gode stunder saman med fleire generasjonar i familien, mykje glede og lått. Oda fryda seg over nissebesøket, medan Hedvig og pappen måtte ta seg ein tur ut i mellomtida - masker er skumle greier! Jentene mine haldt ut til seine kvelden med strålande humør! At dagen etterpå vart hakket meir traurig er vel ikkje noko å sei på, men sjølv då gjekk det overraskande roleg for seg. Og så kjem ein jo ikkje utanom gåvene - så utruleg mykje fint og flott og kjekt! Kvart år får eg ein litt flau smak i munnen når me utvekslar gåveposar med ulike delar av familien. Når me avleverer ein heilt vanleg bærepose, og får to store sekkar i retur kjennest det nesten ubehageleg. Eg håpar likevel at mottakarane føler dei får noko å glede seg over, enten det er heimelaga eller kjøpt, stort eller lite. Det er iallefall målet.

Eg er heilt nøydd å visa fram ei av gåvene mine, ei av dei eg fekk hjå rosamannen. Eg ante ikkje kva det var, og då eg pakka opp denne heilt fantastiske engelen spratt tårene i augo på meg - så vakker er den!! Så elegant, omtrent ein halvmeter høg, og utan menneskelege ansiktstrekk - NYDELEG!

Ei av Hedvig sine gåver må eg òg ta fram; bestefaren har nemleg laga gyngehest til ho, akurat som han gjorde til Oda då ho var like gamal. Dei er så fine, og det er så kjekt at jentene kan ha kvar sin - minst like kjekt når dei er vaksne som det er no.


Det er så lenge sidan eg har blogga no, at eg ikkje heilt visste kva ende eg skulle byrje i. Difor vart det det siste fyrst - sjølve joledagane. Eg har òg lyst til å vise fram litt av dei tinga eg har laga i gåver, og som er ein stor del av grunnen til at det har vorte så lite blogging siste månaden. Eg håpar ikkje blogglandia heilt har gløymt meg på denne tida, men at nokon finn vegen innatt til meg no når eg endeleg kan bevege meg rundt i eigen og andre sine bloggar igjen.




No gler eg meg til å ta runden og kikke på jolestemninga rundt i dei norske bloggarheimane, og håpar at alle har ei god og fredeleg jolenatt!

torsdag 18. desember 2008

ei veke sidan sist...

Skremande nok innser eg at det er ei veke sidan siste blogginnlegg i det rosa universet. Etter den tid har eg sjølvsagt komen heim frå eit svært gjevande kurs(!), eg har fylgt Oda til øyenlegen og fått bekrefta behov for briller, me har vore i barnehagen på foreldrekaffi, eg har bakt jolekaker og skrive jolebrev. Eg har tilogmed vore på jobb! Nokre gåver er ferdig laga, andre er ferdig kjøpt. Men framleis er lista lang, og det er ikkje mange prosentar av døgeret eg brukar til å sitje ved pc og internett. (så lite som dette har det vel aldri før vore!) Eg er heilt sikker på at eg kjem sterkare tilbake i jola, rett etter eller kanskje før, men akurat no lyt eg framleis prioritere å få gjort det eg har satt meg føre. Det er godt mogleg eg må gje meg på tap, men eg skal ikkje gje meg utan kamp!! :)

I mellomtida kan gjestene mine få sjå nokre små og søte pausefiskar - dei kan vere til stor underhaldning!



Eg håpar alle har ei god førjolstid, at de kosar dykk med førebuingane og ser fram til ei god høgtid saman med dei de er glade i!


So long, ladies.........

onsdag 10. desember 2008

Helsing frå tigerstaden

Fyrste dag på kurs er unnagjort, og trass i iskalde føtter (les: enorm prestasjonsangst - tenk om alle dei andre var utdanna i grafisk design?) idag tidleg gjekk det veldig fint. Ei gruppe på 8 kursdeltakarar med veldig ulik bakgrunn og erfaring, og ei svært dreven forelesardame, og timane flaug! Med i gruppa på 8 er sjølvsagt den obligatoriske kverulanten. Han som kjem ein time for seint, som veldig tydeleg seier og ikkje minst demonstrerer at han ikkje har peiling, men som likevel set si høgst tvilsame ære i å kverulere med foredragshaldaren i det aller meste. Ho på si side brukar mykje energi på å få han til å vere med på "leiken", medan resten av gruppa lurar på kva hòl me kan begrava han i.

Bortsett frå det - fantastisk kjekt, og eg kan nesten ikkje vente til imorgon og fortsetjinga!

Ein annan kjempekjekk del av å vere i Oslo er at det byr på moglegheiter til å treffe gode vener, og endå betre - bu hjå ei av mine aller beste veninner. Kveldar med god mat, god vin, og det best tenkjelege selskap er så bra!
Og som ein liten kuriositet: Det er ikkje kvar dag ein er på besøk hjå ein spellemans-vinnar ;)


Det vert ingen blogg-runde ikveld, men tusen takk for alle kjekke helsingar - I'll be back!

måndag 8. desember 2008

Til ei lita gjente - og litt anna

På jakt i Jakob Sande sine Dikt i samling er det mykje trist, mange bileter som på film ikkje ville eigna seg for kven som helst. Midt i mellom dei fins det humoristiske framstillingar, framleis med ein viss råskap. Og midt inni alt dette finn ein dikt til dottera Siri, eller med andre born som hovudfigurar.

Eit av desse -
Til ei lita gjente

Gud signe deg Aslaug Maria
som berre er fire år!
Du har slike djupe auge,
- reine som sol og vår

Gud signe deg Aslaug Maria,
du har ikkje synda du!
Du foldar dei kvite små hender,
i liljekvit barnetru.

Smil til meg, Aslaug Maria,
- solstrålesmilet ditt!
Då rømer dei vonde vette,
som bur uti hjarte mitt.

Aslaug, Aslaug Maria
Gud halde si hand på deg.
og lyfte deg over dei steinar,
som ligg på din livsens veg!

-------------------------------------------------------------

Frøken Englefjes, Rodihob og Henriette har alle tre gitt meg ein aldeles nydeleg award - eg vert nesten mållaus! Tenk så fantastisk at alle tre tenkte på meg då denne skulle delast vidare....

This blog invests and believes the PROXIMITY- nearness in space,
time and relationship! These blogs are exceedingly charming.
These kind bloggers aim to find and be friends.
They are not interested in prices or self-aggrandizement.
Our hope is that when the ribbons of these prices are cut,
even more friendship are propagated.
Please give more attention to these writers!
Deliver this award to eight bloggers who must
choose eight more and include this cleverly
written text into the body of their award.


"Denne bloggen invisterer i og tror på NÆRHET
- nærhet i rom, tid og forhold!"
Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte,
og formålet er å finne og være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser eller selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelsene er kuttet vil
enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig og gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne awarden til åtte bloggere som igjen må velge seg nye åtte.

Er ikkje det flott?!

Eg vil gje den vidare til:
Molly
Emmeline
Mali-mo
Rønnaug
Jill
Ingrid Marie
Tove
Anna Lisa


I heilt tilfeldig rekkefylgje! Flotte bloggar alle saman, som eg ofte er innom for glede og inspirasjon, for fine tankar og gode ord, og som eg på ein eller annan snodig måte føler eg har blitt litt kjent med ;)


Imorgon er den store dagen då eg set meg på toget og reiser til Oslo for tre dagars kurs i grafisk design. Som eg gler meg!! Men typisk nok - minstemor har fått feber ikveld, så morgondagen der eg skulle få med meg to møter på jobb før eg vende nasa heimatt, den vert tilbrakt i heimen med sjuk snuppe og pakking. Jaja, så lenge ho ikkje er i kjempedårleg form skal me nok få ein kosleg dag, og aldri så gale - eg fekk eit mykje meir avslappa forhold til pakkinga ikveld :)

tataaa

søndag 7. desember 2008

Jolemarknad

Dagen idag har gått med til den store vesle jolemarknaden som eg og 3 andre damer har planlagd i eit par månadar. Produsentane kom frå fjern og nær, vér og føreforhold var best tenkjeleg, og alt låg til rette for ein fin marknad. Det vart det òg, sjølv om eit par av hovudattraksjonane meldte avbud i siste liten. Utruleg frustrerande for oss som arrangerer, og nok litt skuffande for ein del av publikum òg.

Må vise litt bileter av nokre av dei nydelege tinga som var å få kjøpt. Frå butikken 1001natt var det 3,5 meter med fair trade-varer så fine at auga vart stort og vått. Eg klarte ikkje sjå meg mett på alt, og veit at eg er nøydd innom den butikken når jolelønninga har tikka inn på konto....berre ikkje sei noko om det til rosamannen....

Desse fantastisk fine stormglass-lyktene, foreksempel. Eller englane i framgrunnen.

For ikkje å snakke om denne aldeles nydelege jolekrubba, også den i glas med telys bakom.

Eller for dei modige og frimodige - veske forma som pepperkakehus eller eit anna lite hus. Eg såg dei for meg til pynt i huset, fyllt med telys eller liknande (som oppbevaring, altså)

Eg kunne óg godt tenkt meg denne fantastisk fine lykta, som er nesten ein meter høg.


Tvers over rommet kunne ein få kjøpt heimelaga hudpleieprodukt og såper - noko for ein kvar smak!


På loftet fekk borna slå seg laus i joleverkstaden. her vart det tova og måla, perla og klistra i ekte joleånd. Her står dei litt bleike nissane klare i rekkje og rad


Oda mi var særs nøgd der ho sat med joleposen i hendene,.....


...etter at ho hadde helsa på dette fornøyelege paret. Herr og fru nisse hadde nok tatt seg ein liten dram før dei kom, så lystig og lett på fot som dei dansa rundt jolatreet saman med små og store bygdefolk.
Så var marknaden over for denne gong, med jolegrantenning, jolesongar og obligatorisk nissebesøk. Bak øyra noterer ein små og store ting som kan forbetrast, og så legg me vekk slike organisatoriske tankar til neste haust ein gong. Det er 17 dagar til jol!
--------------------------



Tenn lys, to lys skal skine for kjærleik og for tru
for den som syner omsorg og alltid byggjer bru
må flyktningar få heimar, og fangar bli sett fri
tenn lys for dei som gret og for dei som trøyst kan gi

fredag 5. desember 2008

Jolebakst

Då kan eg melda om at jolebaksten har hatt sitt offisielle avspark idag.

Fredag er heimedag for oss jentene i rosaheimen, og den prøvar eg å bruka godt. Å bruka dagen godt kan vere alt frå langdryge kaffibesøk hjå svigerinner eller naboar, til å kosa oss i heimen med ymse gjeremål. Idag var ein fredag av den sistnevnte sorten.

Oda elskar å få hjelpe til på kjøkkenet, og for at ho ikkje skal synast det er kjedelig å berre vere heime med mor ein dag prøver eg å finne på noko me kan gjere saman, om me fyrst skal vere heime heile dagen. Det er ikkje nokon voldsom jolebakst eg legg ut på i år heller - serinakaker, pepperkaker, risbollar, kaaaanskje kakemannar etter Rønnaug si oppskrift, og kaaanskje ekte kjøpe-kransekakemasse-kransekakestenger, berre fordi eg sjølv likar det så godt. Jolebaksten varierer forøvrig frå år til år, fordi eg alltid leitar etter noko endåtil rosamannen kan lika. Kaker er ikkje hans sterkaste side - evt største svakheit :)


Serinakaker oppdaga me ifjor, etter foreldrekaffi i barnehagen. Ikkje for søte, ikkje for store, og ikkje vanskelege å få til. Oda laga faktisk det eine brettet nesten åleine idag. Ho rulla og trilla, og med stor møye kom det litt perlesukker på kvar einaste kake - og på nesten heile brettet :)


Kakeboksane, ikkje særleg fine kakeboksar til ein tiar på europris ein gong for leeenge sidan, stod faktisk lett tilgjengelege i eit hjørneskap, og akurat den boksen eg var tenkt å bruke - trur du ikkje den innehaldt restane av serinakaker frå ifjor? Huff! Dei vart til kompost, og eg kunne fornøyd slå fast at eg har iallefall lært litt frå ifjor - denne gongen lagde me halvparten så mykje :)

No ikveld har eg kost meg åleine med gløgg, julemusikk og litt finpuss på diverse plakatar før jolemarknaden på sundag. Eg hadde ein plan om å gå på scrapperommet sidan mannen er ute av huset, men det vart for seintpå kveld. Midt i kveldens gjeremål vart eg nemleg sitjande å sjå på ein film, eller rettare sagt ein musical - "Hairspray". Om du likar musikalar, og treng ein aldri så liten lykkepille så er denne heilt rett valg. Kanonbra songarar og ei svært humoristisk framstilling av alvorlege tema frå USA på 60-talet.

Då er det berre å rydde unna koppar og kar, og kravle seg til sengs. Imorgon ventar nye gleder, nye utfordringar, nye oppgåver, og to små som er klar til å forlate varmen under dyna mykje tidlegare enn mor og far :)

Fredagskos



onsdag 3. desember 2008

Hugselister

Ja, eg innrømmer det - eg er ein liste-person.

Eg har pakkelister på nattbordet eit par dagar før me skal på turar (turar med overnatting)
Eg har sjølvsagt handlelister
Eg har hugselister for oppgåver i forbindelse med verv
Eg har gåvelister for jol og bursdagar
I joleboka mi har eg lister over jolekort, kaker, gåver til og frå,...

Og no trur eg jammen at eg treng ei arbeidsliste for oppgåvene i heimen før jol. Det er heilt klart ein klisjè, men dagane berre spring ifrå meg! No til helga skal me på jolemarknad, og i den forbindelsen har eg, og har hatt, diverse oppgåver med små trykksaker og annonsering. Når den "bekymringa" er ute av verda ber det rett til hovudstaden i 3 dagar. Men etter det - når kalendaren nærmar seg den 15. desember - skal eg prioritera heimen. Mange av jolegåvene er tenkt ut, og er på veg inni ei - ja akurat, gåveliste. (er det forresten berre hjå oss det er slik at mor tenkjer ut dei fleste gåvene, og deretter - kanskje - konsulterer far, medan han på si side tenkjer ut ei gåve, den til mor? Gjerne etter nøye spesifiserte ynskjer... For all del, ikkje eit vondt ord om verken rosamannen eller ordninga for denel, eg likar jo å ha kontroll. Men likevel, litt snodig er det jo :) )Ein del skal eg laga, og må berre få satt av nokre kveldar på arbeidsrommet, så skal nok det gå fint. Tradisjonen tru vert me nok i seinaste laget med gåver og jolekort (som i år vert konvertert til jolebrev) som Posten skal bringa for oss, men det brukar jo å gå bra, så det gjer det sikkert denne gongen òg.

Litt baking lyt det verte, sjølv om det vanlegvis ikkje er den heilt store avsetnaden på slikt her i huset. (Dvs - eg er ein kakemons av dimensjonar, men prøvar å begrense meg. Jentene er glad i ALT som er godt, men bør jo òg begrensast, og mannen får søtstoffkvoten sin dekka av ei einaste lita kake, og utgjer dermed ikkje det heilt store forbruket) Men så er det alltid kjekt å ha noko på lur, og kunna invitera nokon på kaffi i dei forhåpentlegvis rolege melsdagane (altså dagane mellom jol og nytår ;) )

Husvask? Tja... Eg har i mitt stille sinn planlagt at rosamannen skal få ansvar for å totalrenovere badet (det går vel fint, min kjære? *smask*), kjøkkenet skal få sleppe eit lag med støv, og kanskje tilogmed stova skal få ein omgang med støvkluten?
Men nokon rundvask i alle rom?? Nei takk!

Og i tråd med mitt forrige innlegg - jolepyntinga skjer heilt på slutten, den eller dei siste dagane før sjølvaste kvelden.

Har eg gløymt noko då?
(bileta er av den mirakuløse mini-orkidéen min, som etter eit halvt år utan vatn plutseleg byrja å spire igjen - hurra!)
Related Posts with Thumbnails