fredag 27. november 2009

Båttur på morgonkvisten


Eit mobilbilete gjenom eit vindauga dekka av salt sjøsprøyt viser morgonlyset her me sitt på ein hurtigbåt frå Harstad til Sandsøy. Idag er ruta lagt på ein slik måte att me må utom Senja for å komme dit, men det syns me igrunn er heilt i orden. Me har ein klar og fin dag i emning, og det er kjekt å få sett meir av dette vakre landskapet som ligg bada i blått lys. Flyturen igår var av den typen ein fort bør legge bak seg, og det vart eit hakk lettare når det viste seg at hotellrommet me fekk hadde eige navn - "kronvingen". M.a.o. fekk me ein suite, det einaste ledige rommet på hotellet, som ellers er fullt av ungdommar med svømmehud mellom tærne. Bonuspoeng er fine greier! Sjølv om ærendet er trist må det vera lov å kosa seg litt med turen, syns eg. Me håpar og trur på eit fint farvel med mannen sin bestefar idag. Dei ytre rammene kunne iallefall ikkje vore betre!

måndag 23. november 2009

Rotterdam i november

....var mild men vindfull, sol som snart gjekk over i plaskregn, og brusteinsgater som gjekk over i grøne lommer med vatn og små bruer.

Fyrst av alt: me overlevde flyturane! (som du nok allereie har skjønt) På veg nedover gjekk det heilt supert, og mor rakk igrunn nesten ikkje vere redd. Kanskje fordi eg hadde tenkt igjennom alle "scenario" og vore ganske nervøs på førehand? Turen heimatt var noko meir turbulent, og kanskje hadde eg ikkje psyka meg nok opp? Uansett.. det var nokre gonger eg drog pusten så fort og høgt at storesyster såg rart på meg, men eg klarte å kontrollere panikken såpass at ho ikkje vart redd. Det må eg sei meg fornøyd med, etter å ha landa i vind, skodde og regn både i Oslo og Bergen.

Og vertinna var seg sjølv lik, rett og slett. Det var så kosleg å kunne mimre litt om sommarferiane i barndomen, og diskutere framtida, med dei mange ukjende faktorar den har. Og så var det sjølvsagt knallkosleg å sjå dei 3 håpefulle, der den eldste hadde vorte stor gut sidan sist me såg han, og dei to yngste var nye bekjentskap for oss. Eldstemann prata til vår store glede norsk med oss, og dei to yngste skjønte litt, dei òg. Språk vart uansett ikkje noko stort problem, for mi store og Linda sine to små hadde ei felles forståing: spring fram og tilbake med høgfrekvente lydar heilt til nokon får vondt. Denne teknikken praktiserte dei så mykje dei kunne.

Tusen takk for oss, Linda! Neste gong er det din tur! ;)

Eg og storesyster fekk dessutan på heimvegen stifta bekjentskap med norsk køkultur. Og for å sei det slik - eg er ikkje imponert! Fyrst: unskyld, alle de som stod i kø på Schipol ved SAS sin innsjekk og bagasje-drop: Det var ikkje meininga å snike, eg berre misforstod anvisningane frå dama i skranken! og til den sinte skalla mannen: Hadde du tatt deg bryet med å vere berre litt hyggjeleg, så hadde eg kanskje gått bakerst i køen likevel. Mannen var såpass hissig at den vesle frøkna eg hadde med meg tok til tårene og ville springe derifrå!

I Oslo var historia ei litt anna, då køen gjekk i to retningar og me køyrde flette-prinsippet. Det viser seg jo stadig i trafikken at nordmenn ikkje er så stødige på denne teknikken, men når ein to gongar får kjeft fordi køen vert innsnevra og me ikkje gjekk heilt bakerst for å stille oss i endå ein ny kø, då vert fru Rosa ein tanke irritert! Stressfaktoren vart endå ein tanke høgare då det like før avgang viste seg at me hadde satt oss på feil plass i flyet, og i all hast skulle få med oss vesker og posar til nye seter bakerst i flyet. Då tenkjer eg den skalla mannen flirte godt og tenkte at det var til pass for den frekke kjerringa som alltid skulle snike seg til ein betre plass.
Likevel, me har hatt ein fin tur, og no går vaskemaskina som galen for å få kleda våre reine til neste runde. Torsdag reiser eg og mannen nordover for å delta i gravferda til den gamle bestefaren som har gått bort, medan prinsessene skal bu hjå besta og besten i 4 dagar til ende. Då håpar eg på betre vèr og blidare medpassasjerar!
God veke!

torsdag 19. november 2009

Ut i verda


Så er eg på reisefot igjen. Denne gongen har eg storesøster med meg, og me skal reisa heilt til rotterdam, nederland! Grunnen er ganske enkelt at eg har eit søskenbarn der, ei jente som eg frå barndomen av har hatt spesiellt god kontakt med. No har ho budd i nederland i fleire år, og endeleg skal eg på besøk til ho der! Ho har 3 born, og storesøster gler seg særleg til å møte jenta som er litt yngre enn ho sjølv. Bergen ligg bada i regn og skodde idag, og eg kjenner flyskrekken som ein klump i magen akurat no. Men, når det vert alvor må eg halde maska no som me jentene er på tur aleine! Det håpar eg at eg skal klare, og så håpar eg inderleg at det ikkje vert for mykje risting der oppe! Til å vere redd for å fly skal eg ha uhorveleg mykje luft under vingene dei neste to vekene - no til nederland, og neste torsdag til harstad og sandsøy. Eg kan jo håpa at eg vert kurert?

tysdag 17. november 2009

Ein sjømann har mønstra av..

Idag fekk me beskjed om at rosamannen sin bestefar hadde sovna stille inn ved midnatt. I april 2010, altså om mindre enn eit halvt år, ville han fyllt 100. Då er det lov å vera trøytt av dage, og sjølv om det er vemodig at han er borte, så er det godt at han har funne fred.

Det var denne bestefaren og oldefaren som var hovudmålet for reisa vår då me i sommar var ei dryg veke i Nord-Noreg (innlegg med bilder frå fantastiske Sandsøy finn du her, her, her og her), og den fyrste gongen me var ute for å besøkja han på sjukeheimen var han oppe, glad for å sjå oss og alle. No som då er me uendeleg glade for at me tok den turen. Så glade for at han fekk sjå begge jentene, og for at iallefall Storesyster vil kunne ha minner om han. Den gamle oldefaren med glimt i auga.

Anna Rogde, som du ser på bildet under, høyrde til i slekta til bestefaren. Difor var det stas at den segla forbi då me hadde siste kvelden i Harstad før me reiste heimatt i sommar. Sjølv har eg ikkje vore ombord, men mannen snakkar endå varmt om turen familien fekk då skonnerten vart overteken av Harstad kommune.
Eit dikt får avslutte idag, til ære for sjømannnen. Må han kvile i fred.
Hymne til havet

Hav, du som fredlaust klagar
ved natt under stormsvart sky,
der du vilt i ditt velde jagar
fram mot ukjende morgongry:
Du har gitt meg den ville dragnad
mot den draum du min ungdom gav,
eg er eitt med din tunge lagnad,
du det evige, store hav.

Hav, du som solblått smiler,
i drøymande, stille fred,
der mot kveld i deg sjølv du kviler,
medan sola i vest går ned:
Du har synt meg dei ljose strender,
som ein gong gjennom blånar stig,
når den siste seilasen ender,
og når segla i kveldsol sig.

Eg jublar mot morgonròden,
då når sola i gryet skjelv,
og stig op or den gyllne fròden
som ei jomfru or livsens elv.
Og dei havsalte gufs eg kjenner,
strøyme mot meg i djupe drag,
til eg livsglødd i lengting brenner
mot den vaknande, nye dag.

Men når himlar i havet logar
lik ein eldsjø i solarglad,
stig det solslott med spir og bogar
frå min barndoms den sikne stad.
Og eg stirer mot himmelranda,
der den sloknande, siste glod
ber meg bod frå dei tapte landa,
der som barn eg i draumar stod.

Du var nær meg i tunge stunder
og din song i mi sjel meg gav.
Han er myrk, men med vemod under,
som du sjølv, du fortapte hav.
Og eingong når min livsdag hallar,
skal eg vente med song i sinn,
til i storsjø og storm du kallar
til din evige fred meg inn.

-Jakob Sande-

måndag 16. november 2009

Jolekrubbeversktad - T5


Igår var alle femåringane i bygda invitert til T5-dag. T-dagane i vossebygdene er kyrkja sitt grep for å gje alle døypte born opplæring. Reforma kom som fylgje av at kristendomsfaget vart teke ut or skulen, og med tida skal det komma eitt tiltak eller ein trusopplæringsdag pr år for born mellom 0 og 18 år.

No var det altså Storesyster sin tur, og T5-dagen handlar om advent og joleevangeliet. Difor fekk femåringane laga seg ei jolekrubbe, med Jesusbarn, Josef, Maria, engel, hyrding og stjerne. Dei mala og limte, medan me som var med etter beste evne prøvde å bistå. Faktisk kan du sjå mor og dotter i djup konsentrasjon på bildemontasjen ;) Då alle jolekrubbene var ferdige, og ungane hadde vore ute og spronge av seg litt krutt var det tid for gudsteneste, der dei små gjekk i prosesjon saman med kateketen. I preika viste dei fram ein etter ein av figurane sine, forutan hovedpersonen sjølv. Han skulle få kvile heilt til jolaftan.

Storesyster var kjempestolt over produktet sitt, og erklærte at den skulle vera med til sengs ved leggetid. Og slik vart det - "for viss eg vert redd når eg skal sova så kan eg berre snakka med Jesus". Og då må ein vel sei at trusopplæringsdagen har fungert oppskriftsmessig?



God veke!

laurdag 14. november 2009

Soloppgang i november

Den siste tida har me hatt fleire kalde klare dagar her vest, og både soloppgang og -nedgang er vakre skue. Det øverste biletet er teke utanfor barnehagen der jentene går, med solstrålane som strekker seg over skylaget. Dei to nederste er på veg til jobb. Eg har alltid Ixus'en min (kompaktkamera) i veska, og i slike stunder er eg glad for det.

Ein litt lang laurdag i rosaheimen, med jenter i full fart og trøytte foreldre på slep etter. No skal mor kravle seg til køys, og satsar på at morgondagen vert lettare. Då skal eg og storesyster lage jolekrubbe ilag med andre 5-åringar i bygda, medan far og vetlesyster reiser til ei tante som treng litt hjelp med skulearbeidet.

nattinatt!


fredag 13. november 2009

Fin start på helga

Det er jammen fredag igjen. Slutten på arbeidsveka, starten på helga. Fredag er ein god dag. Vanlegvis har eg fri, og gjerne jentene heime frå barnehagen, men idag har det vore full rulle. Fridagen tok me jo i starten av veka.

Etter mine tilmålte timar på jobb møtte eg mine 3 kjæraste til pizzamiddag på Voss. Deretter bar det avgarde til kinoen for heile gjengen. "Julenatt i Blåfjell" hadde jo premiere idag, og kinosjefen ville gjerne gjere litt ekstra utav det. Det passa jo perfekt saman med at me hadde blånisse-notar ute på prøve i musikklaget. Lønna var gratis kinobillettar til heile hurven, og det syns me var kjekt, både store og små.

Storesyster er av den typen som verkeleg lever seg inn i det ho ser, og dermed var ho skrekkslagen etter kort tid. Det vart gråt og tenners gnissel, så eg og ho måtte ut og lufta oss litt. Rosamannen seier ho er lik på mor si, og han har kanskje eit poeng? Eg må kanskje fortelja eg sjølv har ein vane eller evt uvane med å halde meg for øyrene når det vert skummelt på filmar eg ser. For eit par år sidan låg eg på senga og las Dan Brown sin "engler og demoner". Eg var i scena der hovudpersonen klatrar ned i krypta og plutseleg oppdagar skjelett og hovudskallar..... plutseleg oppdaga eg at eg låg i senga og haldt meg for øyrene mens eg las. Så - kanskje har mannen rett? Kanskje er jenta litt lik på mora :)


No har kvelden senka seg, og framfor meg står eit glas raudvin. Me har ei roleg helg framfor oss, og det kjennest bra. Bileta idag er eit fint zink-hjarta eg fekk til bursdagen min, og som no heng på kjøkkenet. Duken med broderiet kjøpte eg på den nye bruktbutikken på Voss (som eigentleg berre er eit permanent loppemarked - heilt supert!). Håpar de der ute har det fint, og får ei god helg!